Nesten halve befolkninga ønskjer å bruke mindre pengar på jul.
Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Halve befolkninga skal stramme inn julebudsjettet
Julebudsjetta krympar, og mange nordmenn fryktar overforbruk i høgtida. Det viser ei undersøking utført av Respons Analyse for Sparebank 1 om juleforbruket til nordmenn.
I undersøkinga oppgir 22 prosent at dei fryktar ein økonomisk baksmell i januar på grunn av for høgt juleforbruk. 7 prosent svarer at dei må eller kanskje må låne pengar for å dekkje utgiftene til jul.
Det bekymrar forbrukarøkonom i Sparebank 1 Magne Gundersen, som oppmodar til å heller kutte i juleforbruket enn å bruke over evne i jula.