Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Gunnvald Østreim er skotårsbarn og torsdag 29. februar har han ekte» bursdag for 19. gong. Foto: Grethe Hopland Ravn
Gunnvald Østreim er skotårsbarn og torsdag 29. februar har han ekte» bursdag for 19. gong.

Tettare på

Gunvald (76) feirar ekte» bursdag for 19. gong

Publisert Sist oppdatert

Gunvald Østreim er ikkje entusiastisk tilhengjar av store feiringar, og at han nå fyller 19 år» har han ikkje tenkt å slå så hardt på stortromma for.

— Me får gjera det skikkeleg når han fyller 20, seier kona, Aud Østreim som han har vore gift med i 55 år. Sjølve skotårsdagen skal dei tilbringa på hytta si på Vågslid, i lag med dei to eldste barna, Ingunn Merete og Trond, og deira familiar. Eldstedottera og familien har også hytte i same byggefelt som Aud og Gunvald, og det er ikkje få dagar i løpet av året dei samlast i fjellheimen.

Aud lovar likevel at ektemannen skal få ynglingdesserten sin, budapestkake med moltekrem på dagen, for den likar han usedvanleg godt. Budapestkake er ei rullekake som er fylt med krem og syltetøy og dekorert med hakka nøtter. Budapestkaka tronar på toppen av favorittane til Gunvald, og får han ei slik kake til bursdagen sin er han meir enn fornøgd.

Powered by Labrador CMS