Tettare på
Gruveeventyret i Vats
Ein liten spasertur opp frå Eikedalsvegen i Vats ligg restane etter Thors gruve. Slaggrestane etter dagbrotet er godt synleg frå vegen der dei blenkjer i solskinet, og oppe ved sjølve gruveområdet finn ein tydelege spor etter gruvedrifta som hadde si storheitstid frå 1895 til 1914. Eit rundt 50 meter langt og 15 meter breitt dagbrot ligg synleg i terrenget og vitnar om gruveaktiviteten som fann stad for godt over 100 år sidan. Den gamle gruva blei drive på den svært glimmerrike bergarten pegmatitt som breier seg i terrenget i om lag 500 meter i lengd og har ei breidd på rundt 30 meter.
Pegmatitt er ein svært grovkorna bergart, som har størkna når magma pressar seg opp gjennom sprekker i jordskorpa. Pegmatitt opptrer i form av gangar og linser, og kan vera rike på ei rekkje sjeldne grunnstoff som litium, cesium, beryllium, thorium, uran, bor, flor og fosfor.
Uraninitt