Fredrik Samland i Samland Maskinservice AS er glad for at selskapet hans kom raskt i drift igjen, etter at det sist veke blei tvangsoppløyst grunna mangel på revisor.
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Næringsliv
Gründeren pustar letta ut etter sjokk-beskjed
Fredag førre veke fekk Fredrik Samland ein overraskande og sjokkerande telefon frå Haugesund-advokat Thor Arne Reitan, som presenterte seg som bustyrar for tvangsavviklingsbuet til Samland Maskinservice AS. Selskapet, som 33-åringen frå Etne har bygd opp, har gjennom iherdig innsats med service på traktorar og landbruksmaskiner i distriktet blitt særs lønsamt og gjev levebrød til fem tilsette.
Tvangsoppløyst
Difor kunne han knapt tru kva han høyrde: Haugaland og Sunnhordland tingrett hadde tvangsoppløyst selskapet hans. Dermed blei mellom anna selskapet sine bankkonti fryste, noko som skjer automatisk for å sikre verdiar til gunst for eventuelle kreditorar når eit selskap går over ende. Men akkurat dét var det ingen grunn til at Samland Maskinservice skulle gjere.Selskapet, som har base i Mulagata i Ølen, omsette i 2023 for 10,3 millionar kroner og fekk eit resultat på 1,9 millionar. Også 2024 skal ha vore eit godt år for verksemda.