Stolt vinnar: Gro Marit Messmer Larsen fekk tildelt kunstverk og blomar på Grannar sitt årsmøte tidlegare i år som Årets Namn 2012.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Stolt vinnar: Gro Marit Messmer Larsen fekk tildelt kunstverk og blomar på Grannar sitt årsmøte tidlegare i år som Årets Namn 2012.

Grannar kårar Årets namn 2012

Kom med forslag på kandiadatar.

Publisert Sist oppdatert

For sjuande gong kårar lokalavisa årets namn i kommunane Etne og Vindafjord. I fjor var det Gro Marit Messmer Larsen (29) frå Skjold som gjekk av med sigeren etter eit år i rampelys då ho overraska kjente og begeistra tv-publikum i TV2-programmet Norske Talenter med si flotte songstemme.

I første omgang ber me lesarane om å koma med innspel til gode kandidatar, og deretter vil ein jury i redaksjonen plukka ut namn som du får høve til å stemma på.

Lokale namn

Årets namn er ei kåring som Grannar gjer for å trekkja namn – lokalt busette eller utflytta frå dei to kommunane – fram i dagen. Dette kan til dømes vera ein heider for ein unik innsats for bygda eller lokalmiljøet. Også kandidatar som privat eller gjennom eit lag eller organisasjon, har vist brennande engasjement for enkeltsaker er aktuelle for å bli nominerte.

Vidare ynskjer lokalavisa forslag på personar innan kategorien kvardagsheltar; folk som gjer ein spesiell innsats for andre, enten dei bur i nærmiljøet eller andre stader.

Ein annan kategori er gode ambassadørar for heimstaden eller heimkommunen. Dette kan også vera personar som innan sport, kultur eller andre område har markert seg positivt i året som snart er omme.

Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle.

Vinnarar

Her er tidlegare vinnarar:

* 2006: Åse Handeland, Ølen

* 2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik

* 2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid

* 2009: Jon Olav Velde, Vats

* 2010: Kari Johansson, Skånevik

* 2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold

* 2012: ?

Seks kandidatar

Redaksjonen ynskjer forslag på Årets namn 2012 innan 16. desember. Ut frå forslaga nominerer juryen seks kandidatar som lesarane kan stemma på fram til og med 13. januar 2013.

Send forslag med ei god grunngjeving på epost til redaksjon@grannar.no, SMS til tlf. 97570789 eller ring oss på tlf. 53 77 11 00.

Powered by Labrador CMS