Gode som gull
Jentene i Vikedal Drill tropp 1 sikra seg to førsteplassar under Haugalands Drillianden sist helg. Dei gjekk til topps både som solo og som gruppe i klassen drill dans tropp junior 3. divisjon.
— Det var veldig kjekt å vinna. Eg blei veldig glad. Eg trudde eigentleg ikkje eg hadde sjanse til å vinna for det var så mange gode med, seier 12 år gamle Silja Golf og er hoppande glad over dei to førsteplassane ho kunne ta med seg heim etter helgas konkurranse i Haugesund.
I tillegg til topplassering saman med gruppa frå Vikedal, vann den dyktige 12-åringen gull i solo med sitt danse- og drillnummer.
— Det er alltid kjekt å koma høgt opp i konkurransar, men eg er alltid nervøs før eg skal opp. Eg har vunne sølv før, og nå blei det gull. Eg vil fortsetja med drill for eg er veldig glad i å dansa og gjera triks med stavar, seier ho bestemt.