Svein Egil Frøyland (t.v.) og Øyvind Blikra har etablert ny bedrift og er i gang med lakkering i Vats.Pressefoto
God start for ny bedrift
Øyvind Blikra (49) og Svein Egil Frøyland (43) satsar på ei flunkande ny lakkeringsbedrift med godt mot med. Duoen frå Vikedal og Skjold har alt sikra seg godt med ordrar inn i det nye året for Vats Lakkering AS.
Svein Egil Frøyland er ingen nykomar i bransjen. Skjoldabuen har ti år bak seg i det som var Knapphus Lakkering, og har brei erfaring frå lakkeringa av møblar og kjøkken. Vikedalsbuen Øyvind Blikra på si side er billakkerar og kom til Knapphus Lakkering i byrjinga av 2020.
Dette året skulle visa seg å bli spesielt, både med tanke på korona og smittevern, og nedgang i jobbar. Resultatet var at Knapphus Lakkering gjekk konkurs i haust. Blikra og Frøyland satsar nå på å byggja bedrifta opp igjen og har gått inn med 100.000 kroner i aksjekapital. Kompetansen og arbeidsfeltet er det same, sjølv om namnet er skifta.
— Me ynskte eit namn som var tydeleg på kva me gjorde og kor me er lokalisert, men som også sa noko om ein ny frisk start. Då landa me på Vats Lakkering, fortel Svein Egil Frøyland, i ei pressemelding.