Ytrefilet av hjort, grilla på bålpanne med steikte grønsaker tilsett lønnesirup blir eit måltid ein seint vil gløyma.
Foto: Grethe Hopland Ravn
God planlegging er det viktigaste
Ein treng ikkje reisa langt inn i fjellheimen for å oppleva friluftslivet, for ein kjapp tur oppi lia i bygda ein bur i kan vera meir enn tilfredsstillande. Denne ettermiddagen heng sola lågt. Heile dagen har ho steikt og varma, og no er det er rett før ho går ned i vest. Lydane av fuglekvitter, insekt som summar, og små lam som brekar, blandar seg med lukta av grønt gras, skog og eit bål som sprakar i ei bålpanne. Det er rett og slett ein nydeleg ettermiddag. Utsikten utover Etne-bygda er spektakulær, og etterkvart blandar også lukta av mat seg med røykelukta frå bålet. Det får tarmtottane til å til å dansa samba.
— Det er lite som kan måla seg med god mat ute i naturen, seier Tom Hardeland (49) mens han knekk av ei lita grein frå eit tre.
Greina skal han bruka som visp når han skal blanda ut pannekakerøra han har med. Fleire strimler med bacon er allereie steikte, og no er det pannekakene som står for tur. Alt steikt på primus.