Frode Lindanger er ein artist som er flink til å trekke fram andre. Han skryt av alle som har vore med på prosjekta så langt, og av flotte opplevingar. Nå serverar han popmusikk.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Gir ut pop i eige namn
Tidlegare rektor ved Vindafjord kulturskule, Frode Lindanger, har lenge jobba med musikk i fleire sjangrar. Fredag slepp han ut poplåta The Brave To Go» under sitt eige namn.
(TYSVÆR BYGDEBLAD): Frode Lindanger har sidan 2021 vore ein del av eit internasjonalt miljø med komponistar og tekstforfattarar. Songar har komme på løpande band og han har opplevd å bli anerkjent i musikkretsar i nær sagt heile verda, men spesielt i USA. Dette gjeld særleg den rolege instrumentalmusikken som han gir ut under artistnamnet Frolin. Nå tar han musikken eit steg vidare.
– Det er ei spennande kjensle å ta dette steget og sleppe popmusikk under mitt eige namn.
Det er ikkje for å jage ein popstjernedraum, men fordi musikken fortener å bli høyrt av fleire. I over ti år har eg skrive songar saman med talentfulle musikarar og låtskrivarar frå USA, Canada, Australia, Bahamas, Irland og Norge. Nå kjennes det som eit riktig tidspunkt å dele meir av denne musikken. Å skrive låtar, få ein tekst, og ikkje minst utfordre meg sjølv, har vore inspirerande, seier Lindanger.
Boblar over