John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving AS er imponert over dugnadsinnsatsen i Skånevik.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gir dugnadsfolk gratis cruisetur
Åkrafjorden Oppleving AS og Green Fjord Cruises AS ønskjer å gjere ære på dei mange som har gjort dugnad for utebassenget Sjøkanten Trivsel. 14. juni kjem dei og plukkar opp til 100 personar på kaien i Skånevik til ein gratis cruisetur.
— Det er ein enorm innsats som er lagt ned. Dugnadsfolka fortener ein liten frikveld der dei kan feire seg sjølv og resultatet, seier John Karsten Hustveit, som er dagleg leiar i både Åkrafjorden Oppleving AS og Green Fjord Cruises AS.
Kor ferda går vil dei bli einige med Stiftelsen Sjøkanten Trivsel om etterkvart.
Ringverknadar for regionen