Illustrasjonsfoto: Jon Edvardsen
Går inn i kjede
Dette kjem fram i pressemelding frå Saga Bygg og Kalstveit & Vik på torsdag.
15. mai blir også Kalstveit & Vik medlem i Idehus-kjeda, kor Byggmester K.Susort har vore medlem i mange år.
Treng fleire
Kalstveit & Vik vil etter dette ha cirka 20 tømrarar og 2 lærlingar og eit tett samarbeid med Idehus, som styrker satsinga på hus og hytter på heile Haugalandet. Overtakinga gjer at Saga Bygg og Kalstveit & Vik vil ha over 40 tilsette og rundt 100 millionar kroner i årleg omsetnad.
Kenneth Susort grunnar salet med eit ønske om å komme inn i eit større fagleg miljø med betre moglegheiter og potensiale for vidare utvikling.
– Det blir stadig meir utfordrande å vere ei lita bedrift med offentlege krav, HMS, system og meir, seier Susort i pressemeldinga.
Dagleg leiar i Saga Bygg og Kalstveit & Vik, Jørgen Sletten, meiner overtakinga vil føre til eit enda sterkare grunnlag for vidare vekst og fall naturleg inn i deira strategi om å styrke verksemda si på. I pressemeldinga skriv Saga Bygg og Kalstveit & Vik at dei allereie nå ser at samarbeidet mellom dei har styrkt begge selskapa, og at begge har behov for fleire fagfolk.