Gamalt fjøs blei treningsstudio
For seks år sidan starta far og son Havreberg i Etne arbeidet med å byggja om fjøset på garden til treningsstudio for eige bruk. I dag tek Geir (62) og Hans Kristian (27) imot både unge og eldre som ønskjer å trena seg til betre form og helse.
I driftsbygningen heime på garden til Geir Havreberg står treningsapparata står på rekkje og rad. Kyr, griser og sauer har for lengst flytta ut og overlate plassen til treningsglade kvinner og menn i alle aldrar som enten treng å trena seg opp etter ein skade eller ønskjer å koma i betre form.
For 21 år gamle Jonas Heddeland frå Ølen har treningstilbodet til Geir og Hans Kristian Havreberg vore heilt avgjerande for å bli betre etter ein skade.
— Eg prøver å fiksa ein skulderskade og er alt på god veg til å bli betre. Eg hadde ikkje klart dette utan hjelp, og her får eg god hjelp, seier Heddeland som tek turen til treningsstudioet i Stordalen i Etne to gonger i veka.