Kristine Hustoft Sortland frå Etne spring på ballen i kampen mot Skjoldar under Etnecup i 2018.
Foto: Torstein Tysvær Nymoen
Fullbooka på sju minuttar
Fredag klokka 12.00 presis opna Etnecupen 2020 for påmelding av fotballag som vil vera med på cup i juni. Leiinga la inn eit tak på 140 lag, og sju minuttar seinare var det fullbooka.
— Det er heilt fantastisk at folk er slik på hogget for å vera med på cupen vår. Det gjer oss både rørte og stolte, seier leiar for Etnecup, Roar Gundegjerde.
I fjor opna påmeldinga ved midnatt, natt til 1. januar, og komiteen var imponerte over alle som valte å sitja inne for å melda på fotballaga sine, mens nyttårsrakettane herja over nattehimmelen.
I år opna dei påmeldinga fredag klokka 12.00, og i løpet av sju minuttar var det altså fullbooka.