Full tenning i sal og på scene
Klokka har så vidt passert sju-talet denne laurdagskvelden og parkeringsplassen ved Sandeid Samfunnshus er i ferd med å bli fylt opp. Inne i kafeen har dei første gjestene tatt plass ved borda og nyttar ventetida til å få seg noko godt i glaset. Folk likar å vera tidleg ute når det lokale ungdomslaget inviterer til teater og i kveld er ikkje noko unntak. Praten går livleg og forventningane til kva den lystige gjengen i Sandeid Ungdomslag vil servera denne gongen er stor.
— Me gler oss veldig, og me gler oss til dansen etterpå, seier Jane Nilsen Aalhus.
Ho har tatt turen til Sandeid frå Stavanger saman med nokre vener for å få med seg teaterlaget si årlege storsatsing, og ikkje minst for å sjå dottera i aksjon på scenen.