Ei full oppgradering av kaien i Skånevik med ny kaiplate må venta.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Slik s
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Siri Klokkerstuen (Ap) og Kari Johansson (KrF) var ikkje einig med fleirtal i formannskapet om å venta med full oppgradering av kaien.

Full oppgradering av kai på vent

Fleirtalet i Etne formannskap sa seg einig med rådmannen si tilråding om gradvis oppgradering av kaien i Skånevik, noko som inneber bruk av eksisterande kaiplate og avgrensa bruk.

Publisert Sist oppdatert

Opprusting av kaien i Skånevik har stått på lista over nødvendige tiltak i lang tid. Dagens kai skrik sårt etter oppgradering og treng utbetring både på fundament og toppplate dersom den skal tåla belastning av tyngre køyretøy eller tåla å ha større ting lagra på kaien. Ei total oppgradering, inkludert ny kaiplate, har ei kostnadsramme på vel 13 millionar kroner. Men tek ein bort kostnaden med støyping av ny kaiplate som må til for å tåla større belastning, kan prisen reduserast med rundt 4 millionar.

Geologiske prøvar av grunnforhold og undersøking av eksisterande kaikonstruksjon har gitt utfordringar som vil gripa djupare ned i pengesekken enn tidlegare pårekna. Der ein tidlegare rekna med å bruka 10 til 15 meter lange fundamentsøyler, viser botnforhold at det trengst opp mot 40 meter lange søyler før ein får tilstrekkeleg feste i botn for å tåla trykk av topp-plate og trafikk. I tillegg viser undersøkingar at det trengst fleire søyler enn det opphavleg var kalkulert med. Rådmannen sitt forslag er difor å oppgradera kaien i to trinn, og starta med fundamentering og bruka dagens kaiplate, for eventuelt seinare å forsterka med ny kaiplate som aukar bruk.

Fleirtal

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS