Ei engasjert lokal gruppe fekk besøk av leiar Ruben Oddekalv (framme f.v.) og kollegaen Henrik Rutledal i Norges Miljøvernforbund der det er planlagd ein biogassfabrikk på Ølen Næringspark. Bak f.v.: Gitte Halvorsen, Audun Økland, Einar Fjeldheim, Jan Berge, Runar Mosdal, Rune Halbrend, Tor Martin Heggebø og Ola Skipevåg.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Energi
Fryktar for framtida til bygda
Fredag møtte ti personar, inkludert ein baby, opp ved Ølen Næringspark for å ta imot Ruben Oddekalv og Henrik Rutledal frå Norges Miljøvernforbund. Anledninga var planane til Biovind AS om å byggje eit biogassanlegg på Nerheim – noko dei frammøtte er sterkt kritiske til.
— Me likar å vere ute, men me at føler me anten må bli buande i skiten eller ta tap på sal, sa Sunniva Steinsland, som bur berre 180 meter frå tomtegrensa til det planlagde anlegget.
Sambuaren hennar, Runar Mosdal, er fjerde generasjon på garden dei bur på. For tida har dei sitt andre barn på veg. Ho fortel at dei er redde for at verdien på det dei har bygd opp, vil bli forringa.
— I utgangspunktet er me ikkje mot biogassanlegget, men plasseringa så nær Ølen sentrum, sa Audun Økland, og fekk støtte frå resten av gruppa.