Fryktar at ny gangveg gir auka risiko for ulykker
— Det er ikkje ideelt i dag heller, men når undergangen blir ferdig vil fleire vandre gjennom parkeringsområdet og inn der bilar og trailerar køyrer. Eg er redd for at det kan bli meir kaotisk. Det nye anlegget er eit fantastisk prosjekt, men vi må passe på at det ikkje blir ein håplaus endestasjon. Det blir gjort noko strekningsvis, og difor er det fort gjort at heilskapen kan gleppe, seier KrF-politikar Gustav Løge Fosse.
Det er bakgrunnen for at han reiser spørsmålet om dei mjuke trafikantane sin situasjon når undergangen på E134 i Ølensvåg blir opna.
Fosse er leiar for trafikktryggleiksutvalet i Rogaland fylkeskommune, og han meiner det er alt for vanleg at det er krevjande å vere mjuke trafikantar, og ofte blir bilistane prioriterte i løysingar som blir valde.