Ein traktor fraktar rundballar på ein åker ved Gammel-Kleppe i Vågåmo. I jordbruksoppgjeret får bøndene 10,9 milliardar kroner til auka inntekt og kostnadskompensasjon for 2022 og 2023. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Ein traktor fraktar rundballar på ein åker ved Gammel-Kleppe i Vågåmo. I jordbruksoppgjeret får bøndene 10,9 milliardar kroner til auka inntekt og kostnadskompensasjon for 2022 og 2023.

Fredar jordbruksoppgjeret

Jordbruksavtalen får berre støtte frå regjeringspartia i næringskomiteen på Stortinget, men Venstre og KrF vil sikre at han likevel får fleirtal i salen.

Publisert Sist oppdatert
Dette får NTB stadfesta etter at næringskomiteen leverte innstillinga si i saka onsdag.

I komitéinnstillinga får avtalen berre støtte frå regjeringspartia Ap og Sp. Men Stortinget tek ikkje endeleg stilling til avtalen før votering i plenum onsdag neste veke, og der vil situasjonen sjå annleis ut.

Tidlegare har KrF, Venstre, MDG og Raudt alle signalisert overfor NTB at dei kjem til å stemme for avtalen i salen. No har Raudt og MDG tilsynelatande klatra opp på gjerdet, men Venstre og KrF står begge fast på dei tidlegare utsegnene sine. Dermed er fleirtalet sikra.

Sekundær støtte

Når Venstre ikkje støttar innstillinga, er det for å gi eit signal til regjeringspartia, forklarer næringspolitisk talsperson Alfred Bjørlo.

— Det er rett og slett fordi eg er djupt uroa over at regjeringspartia ikkje på eitt einaste punkt gir støtte til ei vriding av norsk landbruk i ein grønare og meir berekraftig retning, seier han.

Venstre kjem likevel til å støtte avtalen subsidiært i salen. Samstundes stadfestar KrF at partiet støttar avtalen.

Ap, Sp, Venstre og KrF har 87 mandat til saman, noko som betyr at fleirtalet er i boks.

Etter det NTB kjenner til, ligg det også an til at Høgre kjem til å stemme for. Men den offisielle linja er at saka framleis er til vurdering hos dei.

Frp har derimot bestemt seg for å seie nei til avtalen.

— Vi ønskjer ikkje at forbrukarane skal få endå dyrare mat gjennom auka målprisar som avtalen legg opp til, så vi stemmer imot, seier næringspolitisk talsperson for Frp Sivert Bjørnstad.

På gjerdet

Næringspolitisk talsperson for Raudt Geir Jørgensen går for sin del tilbake på signala han gav til NTB tysdag. No vil han ikkje love støtte utan vidare.

— Det blir ganske spennande fram til dette skal avgjerast i Stortinget, seier han.

Også MDGs Rasmus Hansson tek atterhald. Til Nationen seier Hansson at han helst skulle ha sett meir av MDG politikk i oppgjeret, som i stor grad fell saman med det SV og Raudt har foreslått.

— Derfor er vi ikkje ein del av innstillinga til regjeringspartia. Så vil vi sjølvsagt vurdere å stemme subsidiert for opplegget til regjeringa, seier han.

SV vil forhandle

SVs bodskap er at det framleis er rom for meir forhandlingar.

– Vi har ei veke på oss til å finne løysingar før saka skal opp i Stortinget, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til NTB.

— Og eg har sagt heilt klart frå til regjeringspartia om at viss dei kan vere med på skikkelege føringar på dei neste jordbruksoppgjera, så kan vi gå bort frå forslaga våre om endringar av den inngåtte avtalen, seier han.

Regjeringspartia har åtvara Stortinget kraftig mot å gjere endringar i ein avtale som bøndene sjølv har forhandla fram med staten.

— Vi ønskjer å slå ring rundt forhandlingsinstituttet, sa landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) til NTB tysdag.

Trygg på fleirtal

På grunn av priskrisa landa årets oppgjer på rekordhøge 10,9 milliardar kroner.

Det skal sikre både auka inntekt og at bøndene får full dekning for dei ekstraordinært høge kostnadene til mellom anna gjødsel i år og neste år.

Saksordførar Willfred Nordlund (Sp) er trygg på at avtalen får fleirtal til slutt.

— Eg opplever stort utolmod etter å styrkje norsk matproduksjon blant alle parti, men det er stor variasjon i korleis dei ønskjer å nå måla, seier han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS