Freda telefonkiosk blir lesekiosk
Den raude telefonkiosken i Ølen skal ikkje lenger berre stå som eit nostalgisk pynteobjekt på kaien. No blir kiosken fylt med bøker, som folk kan låna for å lesa. 99 andre telefonkioskar i landet gjennomgår det same.
Komande fredag blir det offisiell opning av det nye mini-biblioteket på kaien i Ølen, og den raude nostalgiske telefonkiosken får ny nytteverdi – og nytt namn: Lesekiosk. I helga blei kiosken bygd om med bokhyller som etterkvart skal romma eit knippe bøker, og målet med dette er at folk kan både låna bøker, og levera inn bøker når det måtte passa.
— I desse lesekioskane er det ikkje noko form for registrering av utlån eller innlevering. Folk kan berre komma å forsyna seg med god litteratur, og når dei er ferdige, leverer dei boka tilbake. Folk kan også spandera bøker på lesekiosken dersom dei har bøker dei kan avsjå, seier biblioteksjef i Vindafjord, Silje Holden Birkeland.
Litteraturformidling