– Dette er vår tids store utfordring, sa fotballpresident Lise Klaveness til dei frammøtte.
– Alle som har vore på ein kunstgrasbane, veit kor enkelt dei svarte kulene lurer seg inn i sko, klede, bagar og så vidare. Det er lett å tenkje at det ikkje er snakk om så mykje, men når ein legg til grunn at det er nesten 350.000 aktive fotballspelarar i Noreg, og at dei fleste av desse trenar og speler kampar på kunstgrasbanar, så forstår ein at problemet fort blir stort, seier ho.
95 prosent
Spreiing av gummigranulat i naturen medfører store utslepp av mikroplast. Samarbeidet mellom NFF og HMF gjer at klubbar kan søkje om støtte til å byggje fysiske barrierar rundt banen for at dei små, svarte gummikulene blir verande på arenaen.
MHF reknar med at desse barrierane kan redusere opptil 95 prosent av lekkasjen frå kunstgrasbanar.
– Dette er eit reelt problem på svært mange av kunstgrasbanane i landet akkurat no. Veldig mange klubbar og kommunar heng etter, og vi verken kan eller vil lukke auga for ei miljøutfordring av denne dimensjonen. Det ønskjer heller ikkje klubbane. Alt innfyll høyrer heime på banen, ikkje i naturen, seier Klaveness.
Klubbar og baneeigarar kan søkje om tiltak for inntil 350.000 kroner per bane. Det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld, og pengepotten frå HMF blir fordelt på dei to neste åra (40 millionar per år).
Forbode om sju år
Det er grunn til å tru at 1500 tonn gummigranulat blir spreidd frå kunstgrasbanar i året.
– Omtrent tre firedelar stammar frå vinterdrift. Fysiske barrierar rundt banane er både det mest effektive og dyraste verkemiddelet, seier HMF-leiar Cecilie Lind.
Det finst omkring 2000 kunstgrasbanar med gummigranulat i Noreg i dag. I 2031 slår EU-forbodet inn med omsetningsforbod. Inntil då må eit nytt miljøvennleg innfyll vere på plass. Så langt har det vist seg vanskeleg å finne noko som er godt nok for norske forhold.