Forbruksgjelda blant unge aukar: – Må få større fokus i skulen
Tidlegare i år la Norsk Gjeldsinformasjon fram nye gjeldstal. Dei viste at unge mellom 18 og 24 år har ei samla forbruksgjeld på 2,5 milliardar kroner. Det er ein halv milliard meir enn året før.
– Det er urovekkjande, for dette er ei ekstremt dyr gjeld viss du ikkje har kontroll. Det er altfor lett for dei unge å ta opp dyr gjeld og mange har ikkje gode nok føresetnader for å vite kor gale det kan gå, seier Ole-Jørgen Kjenes i Frende Forsikring.
Han meiner privatøkonomi må få større fokus i ungdomsskulen.