Vi planlegger nye KI-funksjoner for deg. Les om hvordan vi bruker informasjonen din» står det i varselet frå Meta, som alle brukarar av Facebook og Instagram skal ha fått i varslingsfeeden sin.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Folket kokar over Metas KI-planar – slik seier du nei til å la dei bruke bilda dine
To veker etter at Meta omtalte planane sine om å utvide bruken av kunstig intelligens (KI), har det byrja å røre seg hos norske forbrukarar.
– Berre i dag har det vore skikkeleg stor pågang på rettleiingstenesta vår, og vi ser at dette aukar på, seier fagdirektør i kommunikasjon Guro Skåltveit hos Datatilsynet til NTB.
– Det kokar i det norske folket. Først no byrjar dei å skjønne at dette råkar dei, og så veit dei ikkje korleis dei går fram. Vi får også mange førespurnader frå personar som prøver å klikke seg vidare til protestskjemaa, men ikkje får det til. Dei får opp ei feilmelding dei ikkje forstår.