Dei fleste fjellovergangane og fleire av hovudvegane er opne igjen etter ei helg med flaum og skred på Vestlandet. Framleis er likevel mange vegar stengde.
Måndag morgon var framleis Frettevegen i Stordalen i Etne stengt.
Vegtrafikksentralen vurderer no fortløpande opning av dei gjenverande stengde vegane, melder NRK.
– Vi har ein del vegar som framleis er stengde på grunn av jordskred og snøskred, seier Jan Audun Marø hos Vegtrafikksentralen vest til rikskringkastaren.
Til saman er det 35 vegar som var stengde måndag morgon. Dei fleste fjellovergangane er likevel opne.
Faren for flaum og jordskred er venta å minke frå måndag formiddag. Utover veka er det venta kaldare vêr, noko som minkar flaumfaren.
I Ullensvang er elleve personar framleis evakuerte i samband med uvêret, ni av dei i samband med jordskred i Måge og to frå Eitrheim der Eitrheimselva vart veldig stor.
Måndag skal geologar gjere nye vurderingar av situasjonen.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.