Vg1 elektro skil seg ut ved den vidaregåande skulen i Ølen. Arkivfoto
Ølen vgs.Arkivfoto

Fleire søker yrkesfag

Søkartala til vidaregåande opplæring i Rogaland er klare. I år er det enda fleire som har yrkesfag som sitt første ønskje, melder fylkeskommunen i ein pressemelding. Teknologi- og industrifag har aldri vore meir populære målt i tal søkarar, og går forbi helse- og oppvekstfag, som går ned samanlikna med i fjor, som det mest søkte yrkesfaglige utdanningsprogrammet. Delen av som søkjer yrkesfag på Vg1 er rundt 55 prosent. Sjølv om delen som tek yrkesfag går opp er studiespesialisering framleis det mest søkte utdanningsprogrammet med 2393 søkarar.

Totalt har 22.200 søkt vidaregåande opplæring i Rogaland for skuleåret 2022/23, mot 22.127 på same tid i fjor. Søkinga til påbygg til generell studiekompetanse etter fullført yrkesutdanning går ned med rundt 120 søkarar til 630. Tilbodet er ein rett for dei som har avlagt fagprøve eller yrkeskompetanse, og som ønskjer studiekompetanse i tillegg.

Det er litt færre som har læreplass som første ønskje med 2 275 mot 2 477 i fjor. Noko av årsaka til nedgangen skyldast fleire søkarar til påbygg. Ein annen forklaring kan vere at ein del ungdommar allereie har teikna kontrakt om læreplass, og derfor ikkje er med i søkartalet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS