Hilde Marie Melkeraaen Eie var ei av tre jenter som sendte ut flaskeposten sommaren 1997. Privat foto.
Flaskeposten blei funne etter 28 år
Ei uvanleg oppdaging på stranda i Skånevik har vekt minner frå fortida. Ei flaskepost sendt av tre jenter frå Fjæra i Åkrafjorden sommaren 1997 har dukka opp etter 28 år på drift i havet
Sommaren 1997 bestemte jentene Hilde Marie Melkeraaen Eie (12 år), Randi Lundal Ellingsen (13 år) og Yngvild Bjørlykke (11 år) seg for å senda ein helsing ut i verda på ein unik måte. Sommarferien hadde nettopp starta for jentene. Venninnene Hilde Marie og Randi var naboar på Rullestad, medan Yngvild, søskenbarnet til Randi som budde på Stord, var på besøk hjå bestemora deira på Fjæra.
— Det var alltid kjekt når Yngvild var på Fjæra, me var jo ikkje så mange barn der inne, seier Hilde Marie Melkeraaen Eie.
Overlevde tida