— Ingen trur at omikronspreiinga lèt seg stanse, men alle håpar at det er mogleg å forseinke henne, sa FHI-direktøren på koronapressekonferansen til regjeringa tysdag ettermiddag.
Framleis er mange spørsmål uavklarte om virusvarianten – både alvoret av infeksjonen, og korleis tiltaka verkar mot han. Men det ser ut til at vaksinane verkar godt mot alvorleg sjukdom, sjølv om dei verkar dårlegare på smittespreiinga enn for deltavarianten.
Stoltenberg understreka at Folkehelseinstituttet framleis er svært uroleg for virusvarianten. Om få dagar vil dei leggje fram ei ny risikovurdering.
Ingen planar om tiltakslettar
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) sa at regjeringa ikkje har nokon planar om lette i tiltaka, og at dei først vil gjere ei ny vurdering i midten av januar.
Ho kom samtidig med to gladnyheiter – at 86 prosent av dei over 65 år i Noreg har fått ein oppfriskingsdose med koronavaksine, og at fleire etternølarar dei siste vekene har fått det første vaksinestikket sitt.
Målet framover er at alle over 45 år skal ha fått oppfriskingsdosen sin innan veke 2 i 2022, og at dei over 18 får tilbod om dette innan utgangen av februar.
Helsetenestene under sterkt press
Smittetala har flata ut den siste veka, men både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet meiner det er for tidleg å slå fast at dei strenge koronatiltaka som vart innførte i desember, har ført til utflating og mogleg nedgang.
Helsetenestene i kommunane er under sterkt press og er svært belasta. I 204 kommunar er tilgangen på helsepersonell krevjande, sa helsedirektør Bjørn Guldvog på pressekonferansen.
— Kapasiteten i heimetenestene og institusjonane er svært belasta i 199 av kommunane. Tilgangen på helsepersonell er særleg utfordrande i Oslo og Viken, der 43 av 50 kommunar no har ein utfordrande situasjon når det gjeld tilgangen på personell, sa han.
Guldvog fortalde òg at det no er kjøpt inn 30 millionar hurtigtestar som skal leverast fram mot midten av januar. Fram til kommunane får desse, må det prioriterast hardt kven som skal få tilgang til hurtigtestane. Her er helsepersonell først i prioriteringskøen.
Frykt for skyhøge innleggingstal
På pressekonferansen trekte Camilla Stoltenberg også fram eit omikronscenarie frå det danske folkehelseinstituttet, Statens serum institutt.
Av det går det fram at det daglege smittetalet julaftan vil liggje ein stad mellom 9.000 og 25.000 tilfelle i Danmark, medan talet på daglege innleggingar vil liggje ein stad mellom 130 og 250. Føresetnaden er at omikron har same innleggingsrisikoen som delta.
Har omikron halvparten så låg risiko som delta, blir innleggingstala lågare, men det er framleis høge tal ettersom smittespreiinga driv dette talet opp.
— Legg ein inn at innleggingsrisikoen er halvparten så låg, så er talet 120 til 190 nye innleggingar på julaftan i Danmark.
I Noreg er også tala høge, og mykje høgare enn det ein har vore vand til hittil, forklarte ho.