Stine Berge har tatt ansvaret for Nille i Etne.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Fekk sjefsjobb
Stine Berge (26) starta som butikksjef på Nille på Etne Senter i sommar. Ho gler seg over nye utfordringar i leiarrolla.
— Det er veldig spennande å begynne her, seier butikksjef Stine Berge på Nille i Etne.
Berge er frå Ølensvåg, men bur i dag i Etne med sambuar. Ho starta i si nye stilling i juni. Tidlegare har ho jobba på Shell i Etne. Ho fortel at ho alltid har likt Nille, og då ho såg at sjefsjobben på senteret var ledig ville ho prøve seg.
Det jobbar totalt seks tilsette i forskjellege stillingsgradar på butikken. Berge er på jobb frå måndag til laurdag. Spurt om forhåpningane sine, svarar vågsbuen at ho vil at fleire skal komme å handle.