Næringsliv
Fekk sjå robotane frå Vats i aksjon
Vindafjord-elevar fekk ein smakebit av arbeidslivet då dei fekk sjå lagerrobotane i aksjon hos Autostore tysdag.
Autostore, lagerrobot-verksemda med hovudkontor i Åmsosen i Vats, inviterte tysdag alle tiandeklassingar i Vindafjord kommune på besøk.
— Det er kjempefint at me kan bidra til å få elevane ut av klasseromma, seier Merete Vårvik Matre som har tittelen VP People & Community i AutoStore.
Det heile starta då skulen spurde om dei kunne koma og fortelja om verksemda. I staden for å dra til skulen, valde dei å invitera elevane til seg slik at dei fekk sjå alt med eigne auge. Med ei god avtale med Knapphus buss, kunne dei gjennomføra besøket.