Einingsleiar Anna Stinsland ved Vindafjordtunet kan senka skuldrene litt etter at covid-19 utbrotet endeleg er over.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fekk kjenne på alvoret då viruset slo til
Då koronapandemien kraup over dørstokken på Vindafjordtunet kjende einingsleiar Anna Steinsland på frykt og stort ansvar. I dag er ho letta over at situasjonen er under kontroll og at viruset er jaga på dør.
— Me slappar ikkje heilt av ennå, men me er glad for at me har handtert smitteutbrotet. Nå riggar me ein plan for å vera klar for vaksinering, seier Anna Steinsland og håpar vaksinen skal jaga bort den gnagande uroa for at smitten skal blussa opp igjen.
— Ein kjenner på frykt. Me er redde for dei som bur hos oss. Det er veldig trist at bebuarar har blitt smitta og blitt sjuke og at fire har døydd. Men nå føler me ein enorm lette for at me har stoppa smitten. Når ein står i det, er det alvorleg og utfordrande, og ein er redd for å ikkje gjera dei rette vala, seier ho.
Snikande smitte