Kongebesøket
Fekk besøka kongeskipet
Onsdag kveld låg kongeskipet til kai i Randaberg. Blant inviterte gjesten den kvelden var dei to unge vindafjordingane Erik Hjelm Fjeldheim (21) frå Skjold og Eva Vatnedal Nordtveit (19) frå Vats.
— Det var 70 inviterte gjester ombord i kongeskipet. Alle ungdommane blei vist til eitt bord og kongen sat saman med oss. Det var veldig stas å få møta kongen. Han var kjempehyggeleg og han an var i god form, fortel Erik hjelm Fjeldheim og Eva Vatnedal Nordtveit og synes det er sporty gjort av kongen å dra land og strand på besøk.
Litt småprat med majestetane blei det også tid til under besøket på kongeskipet. Dronning Sonja var særs interessert i den flotte nasjonaldrakten som Eva hadde valt som antrekk for kvelden.
— Eg snakka med dronninga om bunaden, seier Eva.
Talte til kongen
Under besøket i Ølen hadde dei to ungdommane ei heilt spesiell oppgåve. Dei skulle halda tale til kongen. Tema for talen var Vindafjord i dag og framover, sett med unge auge.
— Me har skrive heile talen sjølv. Berre ordføraren har sett over, seier dei to unge talarane som framførte sin sjølvskrivne tale til stor applaus frå publikum og med eit anerkjennande smil frå kongen sjølv.