Feirar med høg stil

Kari Aakra Kleda, bilane, festane, sydentur og berre vanlege helgar blir summa summarum ein dyr […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

Kleda, bilane, festane, sydentur og berre vanlege helgar blir summa summarum ein dyr affære for avgangselevane ved Ølen vidaregåande skule. Men det er med godt samvit dei spanderer på seg ei høglydt og humørfylt avslutning på skuletida.
For tre år på vidaregåande skal feirast, og det til gangs. Russen har verken spart på desibel eller pengar i feiringa. Tusenlappane fyk fort både inn og ut av russekontoen, og for russen er alt i saman vel brukte pengar.
— Dette er jo pengar me bruker på ei tid me vil sjå tilbake på med glede heile livet. Og det er heilt klar verdt det, meiner Iselin Blikra Søndenå.

Bilbudsjett
Seks russebilar viser godt att på vegane i desse dagar. Dei 48 russane ved Ølen vidaregåande skule har seks bilar mellom seg. Rusabilen», Moro sam», Maskinen», Ustabil», og Brystkassen» er rullande bevis på aktive russ. Medan nokre av bilane framleis er i sivil, er andre prega av ei allereie hard russetid. Det er ikkje alltid dei startar som dei skal heller. Men likevel, det er visst noko av poenget.
— Bilane er kjøpte for å kunna bli herja litt med. Så me passar ikkje så veldig godt på dei. Men me skal bruka bilen vår i sommar, før me sel han vidare, seier Evelyn Tronstad,
Verken ho eller medeigarane av bilen Moro sam» vil røpa kor mykje dei måtte punga ut med for bilen. Fleire av russebilane er privat eigde, difor har ikkje kjøpekostnadane vore av dei største. Medan Rusa bilen» kom gratis, kosta russepresident Guro Rogn Vinje og medeigarane hennar 3.000 kroner på han innvendig. Både interiør og eksteriør på russebilane er verdt nokre kroner, og er ein sjølvsagd del av russebudsjettet.

Kostbart
Russ er ein berre ein gong i livet, og då skal det ikkje stå på pengane.
Russeklede til i overkant av 2.000 kroner. Russetreff i Kongeparken til ein inngangspris til 1.500 kroner. Sjølve opphaldet og flyturen på den tradisjonelle russeturen til Gran Canaria hamna på 5.000. Og lommepengane fauk likefort.
Nokre av dei raudkledde spekulerer i om dei svidde av sju tusenlappar under opphaldet, i tillegg til turen. Dei raudkledde tek ikkje pausar frå feiringa i helgene heller, og festleigheitene mellom skulekvardagane krev også sine kroner. Under 1.mai-helga spanderte russen på seg eit musikkanlegg leigd frå Byscenen i Haugesund og tilhøyande lysanlegg til 11.000 kroner. Men nok ein gong; det var verdt kvar ei krone.
— Det var ein heilt fantastisk kveld på 1.mai, og me er stornøgde med leiga av både anlegg og lys, seier Vinje.

Anlegget på plass, med tilhøyrande agregat for sikker musikk gjennom natta før russen s 1.mai-feiring.

Arbeidsame
Men russen har arbeidd for pengane, døgnet rundt. Russerevyen og nattcup er vel overstått, og russeavisene er nå på gata. Om alle avisene blir selde betyr det 30.000 kroner til russen. Etter ei intensiv revyøving, som gjekk for fullt hus i februar, fekk russen inn i overkant av 50.000 kroner. Nå skal også arbeidet belønnast, døgnet rundt. Siste utflukt går til Kongeparken og det store russetreffet i helga. Festlegheiter i innspurten til 17.mai gjenstår også, og deretter kjem eksamenane.
Av alle inntektene blir ein god del spreidd over kullet sjølve til utflukter og arrangement, men det er ikkje berre dei raudkledde sjølv som skal nyta godt av russetida.
— Ein del av pengane skal gå til gode føremål. Og så gjekk me med bøsser for kreftforeininga tidlegare i år og samla inn 35.000 kroner fortel Hanne Gravelsæter.
I tillegg er det ein god del lobbyverksemd som skal til for at eit russebudsjett skal gå rundt, og næringslivet fortener ros for støtta gjennom sponsormidlane, meiner russen.
— Alle pengar me sit att med nå er frå sponsorar. Både i Vindafjord og Etne har sponsorane vore topp. Sjølv om me nokre gonger måtte forklara litt om kva pengane skulle brukast til, har me møtt velvilje, seier Iselin Blikra Søndenå.

Finslege
Russekullet har heller ikkje fått dei store flekkane på rullebladet etter feiringa så lang. Politiet meiner russen har utmerka seg, i forhold til tidlegare feiringar som til tider har gått over alle støvelskaft. I år har dei vore finslege, seier lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde.
— Nokre sprell har det vore, men det skal me tåla, seier lensmannen.
Natt til 1.mai var det innleigde anlegget på plass ved feststaden på Dørheim, like nedanfor Fatland i Ølen. Russen festa som russen skal, men hadde etter politiloggen å døma lite å skjemmast for.
— Tidlegare år har politiet så og seia budd der russen har feira 1.mai. I år var dei berre nedom og kikka ein tur og ringde berre til oss fire gonger, seier Søndenå.

Powered by Labrador CMS