Kristin Golf (f.v.) og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim holdt talar under Pride-markeringa i Etne i fjor.
Foto: Svein-Erik Larsen
Feira kjærleiken
Rundt 100 personar tok turen til Tinghusparken i Etne tysdag etter at Kristin Golf og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim kasta seg rundt og arrangerte eit Pride-arrangement. For Golf var markeringa ekstra personleg.
— Me må alle tørre meir viss kjærleiken skal vinne over hatet. Kva mot og engasjement nettopp du, kvar og éin av oss viser, betyr noko. La oss alle kjempe for kjærleiken og retten til å få vere den ein er, sa Golf som avslutning på talen sin.
Golf har ei dotter som skal gifte seg med ei kvinne i september, og var ein del av ei fem personar stor gruppe frå Etne som reiste til Oslo for å feire Pride i helga.
Takka politiet
Det var eigentleg planen at det skulle gåast ein liten parade rundt om i Etne sentrum før talane i Tinghusparken, men sikkerheitsomsyn gjorde at det blei droppa. To politikonstablar møtte opp for å sørgje for tryggleiken til dei frammøtte, den eine av dei med Pride-flagg.
— Me hadde ei siste vurdering på om me skulle avlyse grunna sikkerheita for ein halvtime sidan, fortalte Bergsvåg Ekrheim då arrangementet starta.
Etterpå sendte ho ein stor ros til politiet for at dei kom på kort varsel. Ho kjenner til fleire potensielle deltakarar som ikkje kom grunna politiet sin anbefaling om å avlyse Pride-arrangement, og var i lys av det svært godt fornøgd med kor mange som tok turen.
— Det var eit enormt oppmøte med tanke på den korte fristen og at politiet seier at trusselbilete er uavklart, seier ordføraren.
Terroråtaket i Oslo var bakgrunnen for det som blei ei spontan støttemarkering. Golf og Bergsvåg Ekrheim hadde tidleg planar om å arrangere ei markering, men tida verka å gå ifrå dei. Etter åtaket bestemte dei seg for at dei likevel berre måtte gjere det, og arrangementet blei annonsert på Facebook søndag kveld.
Plass til fleire
Trass det mørke bakteppet blei det ei lys feiring av kjærleiken i strålande solskin med Pride-fargar på effektar og flagg, både dei små som dei frammøtte i alle aldrar vifta og den store på flaggstonga. Golf tørr å tru på ei lys framtid for likestillinga for skeive i Noreg.
— Mitt håp nå er at alle vaknar litt meir. At fleire blir ei tydeleg stemme for dei skeive i samfunnet vårt. At du tørr seie i frå når du ser nokon blir trakassert. Når du høyrer skjellsord mot skeive, tørr å sei at det ikkje er greitt, seier Golf.
Dei frammøtte verka å sette stor pris på arrangementet. Blant dei var Carina Hornenes (38) som hadde med seg døtrene Aria- (9) og Livia Opedal (7). Ho synest det var eit godt initiativ og er glad for at kommunen har heist flaget og at det er fokus på Pride.
— Eg er her fordi størst av alt er kjærleiken. Alle må få elske dei som dei vil, kor dei vil, og korleis dei vil. Og så liker eg mangfald. Det er bra at det var ein fin gjeng som kom og det er plass til enda fleire. For min del er det første gong eg er med på ei slik Pride-markering, men ikkje den siste, seier Hornenes.
Ho fekk støtte av Arve Vågen (54), som var godt fornøgd med det store oppmøtet på kort varsel. Han kom fordi han synest det er viktig å støtte opp om Pride, spesielt etter det som skjedde i Oslo.
— Eg hadde sikkert komme uansett, men det blei ekstra viktig nå, fortel Vågen.
Trudde kampen var vunne
I tillegg til musikk frå Jan Terje Rafdal og talar frå Golf og Bergsvåg Ekrheim, heldt Marta Onstein ein rørande tale om sine erfaringar med å ha ei skeiv dotter. Ho blei omtalt av ordføraren som ei regnboge-bestemor.
— Ingen i familien hadde problem med at ho er skeiv, og eg har fortalt ho at ho var så heldig å vere født 1989. Eg tenkte at kampen var vunne, fortel Onstein.
Gjennom åra har Onstein og ektemannen Atle Aas alltid hatt døtrene sine med i kyrkjesamanheng. Ho viste til at religion ofte har vore litt treigare på aksept for skeive, men er glad for inkluderande miljø i blant anna speidaren. Til slutt siterte ho eit utdrag frå preses Olav Fykse Tveit sin tale under sørgjegudstenesta i Oslo domkirke.
Som Onstein og Aas beskriv Golf at ho og ektemannen Frode Robberstad er uendeleg stolte av dottera si. Dei gler seg til ho skal gifte seg. Dottera til Golf ønsker gjerne å henge ut Pride-flagget heime hos seg i juni, men tørr ikkje i frykt for at nokon skal rive det ned.
— Ho er redd og seier det så vondt for ho og forloveden om nokon riv det ned, fortel Golf.