Skjermdump: 110 Sør-Vest
Fare for gras- og lyngbrann fleire stader – ver varsam med open eld
Tørre dagar har ført til høg fare for gras- og lyngbrann fleire stader i landet. Brannvesenet ber folk vera varsame og droppa open eld i naturen om ein er i tvil.
No når det har vore tørt ei stund, melder fleire brannvesen om auka fare for gras- og lyngbrann, noko som betyr at du må vera ekstra varsam viss du vel å gjera opp eld ute. Dette opplyser 110 Sør-Vest, via X.
Dei ber folk tenkja seg godt om. Eit godt råd er: Er du usikker på om det er trygt å gjera opp eld – då bør du la vera.
Sjølv små gnistar frå eit bål eller ein grill kan fort starta ein større brann når det er tørt i terrenget. Slike brannar kan spreia seg raskt, særleg i lyng og lauvskog, og vera vanskelege å få kontroll på.