Stas med flaskepost frå Vindafjord. Karsten og Serine Hellestø Tjørhom med posten skrive av femteklassingar ved Vats skule.
Foto: Privat
Fann gamal flaskepost frå Vats
Det var søskena Karsten (8) og Serine Hellestø Tjørholm (11) i Tananger som før påske fann den flytande posten.
— Me var på båtur og gjekk i land på Staholmen utafor Risavika. Der fann me flaskeposten de sendte for ni år sidan. Me går på handball og friidrett, og synest det var kjempespennande å finna ein flaskepost i desse kjedelege koronatider, skriv dei to finnarane i ein sms til ein av dei som var lærarar ved Vats skule den gongen.
Olav Velde og Bjarte Vårvik var kontaktlærarane til elevane, alle i femte klasse ved Vats skule. Velde hugsar godt flaskeposten som har minnest blei kasta frå ferja over Boknafjorden.