Bak f.v.:Jakub Niedziela, Sindre Fjetland Øgaard, Jorunn Lovise Husan, Astrid S. Dahlen (vikar), Framme f.v. Ådne Sæverud, Tuva Ystad Gederø, Guro Utne Salvesen (vikar) og Jon Bjørnar Sandve.Ikke tilstede da bildet ble tatt: Ebba Rydh og Ragnhild Thu Austnaberg. Pressefoto
Fann det rette instrumentet i Imsland
Koret som består av åtte erfarne profesjonelle songarar frå Tysvær i nord til Egersund i sør, har sine røter i vestleg kunstmusikk. Songarane har erfaring frå ensemble som Det norske solistkor, Kilden vokalensemble, Trondheim Vokalensemble, Den norske operas kor, Vokal nord, Nordic Voices og Trio Mediæval.
På sin første turné står Udland kirke i Haugesund, Suldal kulturhus og Imsland kyrkje på programmet. Laurdag 20. november er datoen publikum i Grannar-distriktet kan kryssa av for. Slik forklarer Ådne Sæverud kvifor det blei Imsland i Vindafjord.
— Me ønskte å ha konsert i ei kyrkje med eit godt orgel. Det treng ikkje vera stort, men det er kjekt dersom det lét bra. Etter å ha forhøyrt oss litt rundt, fekk me høyra at i vesle Imsland kyrkje står det eit veldig godt orgel. Så nå håper me at publikum tar turen frå Vikedal, og andre tettstadar i distriktet, seier Sæverud.