Nedgang i rovviltskadar på sau.
Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Færre sauer blir tekne av rovvilt
NPK: Talet på sauer som er tekne av rovvilt, er halvert sidan 2010. Årsaka er samansett.
Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, er glad for nedgangen. Ho meiner det har hatt god effekt å skilje beitedyr og rovdyr gjennom bruk av forvaltingsområde.
— I tillegg har vi og Statsforvaltaren ein god dialog med sauenæringa og lokale aktørar når det gjeld tiltak. Og vi gjer uttak av skadegjerande rovvilt, seier ho.
Det var i fjor ei halvering av skadar utførte av bjørn, og dette blir sett i samanheng med at to bjørnar vart drepne i Namdalen.
Skadeomfanget etter jerv, gaupe, ulv og kongeørn er stort sett uendra frå 2019. Det er framleis jerven som er ansvarleg for størstedelen av tapet av sau.
I fjor vart det betalt ut 37,7 millionar kroner til erstatning for tap av sau og lam til rovvilt. I 2019 var talet 44,6 millionar.
Det er i Trøndelag rovvilt gjer størst skade på sau.