Fortel den ukjente historia der eit ubåt-mannskap kunne gått tapt. Skipper Sigmund Frøkedal har hatt heile sitt aktive yrkesliv på sjøen. Dei siste åra på skyssbåten Tromøy II» i Arendal.Foto: Elisabeth Grosvold
Fortel den ukjente historia der eit ubåt-mannskap kunne gått tapt. Skipper Sigmund Frøkedal har hatt heile sitt aktive yrkesliv på sjøen. Dei siste åra på skyssbåten Tromøy II» i Arendal.
Ubåten HMS Venturer» fekk namnet KNM Utstein» då den blei kjøpt av den norske marinen i 1946.
Ubåten HMS Venturer» fekk namnet KNM Utstein» då den blei kjøpt av den norske marinen i 1946.
Måtte teia om den dramatiske hendinga. I dag er Sigmund Frøkedal nestformann i sjømannsforeninga heime i Arendal, der han her er fotografert.Foto: Elisabeth Grosvold
Måtte teia om den dramatiske hendinga. I dag er Sigmund Frøkedal nestformann i sjømannsforeninga heime i Arendal, der han her er fotografert.

Få sekundar unna den store katastrofen

Eit rutineoppdrag med KNM Utstein» for snart 60 år sidan utvikla seg til eit mareritt for mannskapet då ubåten ved ein feil gjekk over dobbelt så djupt som den var konstruert for. Om bord var tidlegare etnebu Sigmund Frøkedal (78).

Publisert Sist oppdatert

Historia han har bore på i mange år, er ukjent for folk flest og har i liten grad vore offentleg omtalt. Heller ikkje alle i Frøkedal sin næraste familie og omgangskrins har visst om den dramatiske opplevinga under eit marinetokt i Nord-Noreg som kunne tatt mange menneskeliv. Nå fortel han om det fatale dykket.

Året er 1962. Den kalde krigen mellom aust og vest er eit faktum. I Berlin er muren i ferd med å reisa seg, og på andre sida av Atlanteren er konflikten mellom Sovjetunionen, Cuba og USA eitt heitt tema. Her heime er trusselen frå Sovjetunionen reell og i den norske marine blir det øvd både over og under vatn for å stå rusta mot eit eventuelt angrep frå det store nabolandet i aust.

Ubåten KNM Utstein», som til vanleg er stasjonert på Håkonsvern, deltek i rutineøvingar i nord og denne vårdagen skal fartøyet delta i ei øving i Vågsfjorden i Troms. Kalenderen viser fredag 2. mars 1962 og KNM Utstein» legg ut frå ubåtbasen Ramsund der den har lege natta over. Ute viser vêret seg frå si beste side og alt ser ut til å fungera slik det skal på ubåten. Om bord er 42 menn, mange av dei ferske marinegastar, som førebur seg på eit angrep frå eit fartøy i overvassfart.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS