Få arbeidsledige
NAV sine tal for september viser berre 0,8 prosent arbeidslause i dei to kommunane. Vindafjord […]
NAV sine tal for september viser berre 0,8 prosent arbeidslause i dei to kommunane. Vindafjord har registrert 34 utan jobb, som er fire fleire ann månaden før og seks fleire enn for eitt år sidan. Etne står registrert med 16 arbeidslause.
NAV Rogaland melder om framleis stor etterspurnad etter arbeidskraft. Det er 2.782 utlyste stillingar i fylket. Samanlikna med same tid i fjor er det færre arbeidslause i Rogaland nå ved inngangen til oktober.
I Hordaland er det 113 færre ledige enn i oktober i fjor. Samstundes er det registrert 2.500 ledige stillingar, som er ein nedgang på ni prosent.