vil ikkje lenger fylle denne tilhengeren med turistar som vil til Eikemostølen. Det er hans protest mot Etne kommune som han meiner ikkje ønskjer å bidra til at bøndene kan halde kulturlandskapet, og dermed turismen på nordsida av Åkrafjorden, i hevd.
Geir Arne Eikemo køyrte turfølgjet frå Hylsfjorden til Eikemostølen då dei skulle på tur. Det blei svært godt motteke.

Lesaren melder

Eventyrsafari til Eikemostølen

Publisert Sist oppdatert

Det var ein flokk glade Hylsfjordingar som møtte opp på Løland, og gjekk om bord i Suldal-buss. I Sauda kom nok ein gjeng om bord, og me vart 28 i alt. Målet med turen var Eikemostølen i Åkrafjorden. Regnet fossa ned, men med godt humør og meir elle mindre dristige skrøner gjekk tida fort. Me la Etne bak oss, og vêret vart bra. Så fekk me beundra Langfoss, den var stor og flott. Bussen gjekk til Fjæra, der låg båten å venta. Så fekk me sjå Langfossen frå fjorden, berre vakkert. Då me kom til Eikemo kai var det Geir Arne som tok godt i mot oss. Safaribussen stod klar, så det var berre å finna seg ein plass. Traktoren vart kopla til og oppover bar det.

Det var eit vakkert skogskledd landskap me køyrde gjennom. Etter tre kilometer var me komne til Eikemo-gardane. Flatt og fint og fine hus og mange køyretøy. Så bar det oppover til stølen. Det var bratt, men god køyreveg. Mykje fin furuskog. Eikemostølen låg på ein stor flate, med mange stølshus, velstelte og vakre. Ein stor lavvo viste godt igjen. Det var bål i grua, så me kunne grilla. Ute var det óg fyr på grillen der kaffien vart kokt. Mange bord og benker både ute og inne. Det var også mange fine koppar og gamle ting på ein benk.

Geir Arne var god til å fortelja både om gamledagar og nyare tid. Det var sauer på stølen nå. Geitene var heime på Eikemo. Me rusla rundt og såg oss omkring, det var så roleg miljø der oppe. Etter fleire timar var det tid for å køyra ned att. Det var svingete veg, men Geir Arne var ein trygg og god sjåfør, så me kom trygt ned til Eikemo. Der stoppa me ei stund. Me fekk sjå ein stor geiteflokk. Då me kom til kaien låg båten til geir Arne klar, så gjekk han i to turar over til andre sida med oss.

Tusen takk Geir Arne, for ein tur me vil minnast lenge. Så køyrte me til Åkrafjordtunet og åt middag og kjøpte spekemat. Turen til Eikemo var ein perfekt sommardag.

Beste helsing Astrid Jorunn Fattnes.

Powered by Labrador CMS