Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fleire bør byrje å dyrke juletre om vi skal ha nok norske tre nokre år fram i tid. Foto: Helge Hansen / NTB /NPK
Fleire bør byrje å dyrke juletre om vi skal ha nok norske tre nokre år fram i tid.

Etterlyser fleire som vil dyrke juletre

NPK: Om ikkje fleire byrjar å dyrke juletre her til lands, vil det bli mangel på norske juletre om få år.

Åtvaringa kjem frå bransjeorganisasjonen Norsk Juletre.

— Vi har eit generasjonsskifte på gang. Det er ingen løyndom at ein stor del av medlemsmassen vår er aldrande. Når fleire dyrkarar gir seg, er det ikkje mange som ønskjer å ta over produksjonen, seier dagleg leiar Heidi Amundsen til Nationen.

Allereie no registrerer ho at det blir planta færre småtre enn før.

— Det er inga krise enno, men om 7 til 10 år kan det bli ei utfordring om vi ikkje får på plass fleire dyrkarar, seier ho.

Norsk Juletre har laga ein rekrutteringsstrategi for å få fleire til å dyrke det grøne midtpunktet i mange stover i jula. Undervisningsopplegg om juletreproduksjon og filmar som skal nyttast på naturbruksskular rundt omkring i landet er ein del av strategien.

Ifølgje organisasjonen har det dei siste åra blitt seld rundt 1 millionar ekte juletre i Noreg. 800.000 av desse er norske, medan resten kjem frå Danmark.

— Per dags dato produserer vi ikkje nok norske juletre. På sikt har vi lyst å dekkje heile juletremarknaden i Noreg med norske tre. Det er ingen tvil om at det er gode pengar å tene på juletreproduksjon, seier Amundsen til Nationen.

Powered by Labrador CMS