Energi
Etne og Vindafjord del av historisk straumavtale
Haugaland Kraft Energi har sikra seg ein av dei største straumkontraktane i si historie og skal levere straum til elleve kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland. Blant desse er Etne og Vindafjord
— Avtalen kan vare i opptil åtte år og markerer eit viktig gjennombrot for selskapet i konkurranse med nasjonale aktørar, skriv Haugaland Kraft i ei pressemelding.
Stolte over tilliten
Haugaland Kraft Energi vann ein omfattande anbodskonkurranse om straumleveranse til kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Stord, Tysnes, Tysvær, Utsira og Vindafjord. Avtalen omfattar over 2 000 målepunkt i kommunale bygg og verksemder – inkludert skular, barnehagar, idrettsanlegg og institusjonar – samt 11 kommunale føretak som Haugesund Parkering Drift AS, Karmsund Havn IKS og Stord Vatn og Avløp AS.
Kommunane Sauda og Suldal er med som opsjon. Dersom desse blir inkluderte, vil avtalen gjelde 13 kommunar og inntil 2 500 målepunkt. Kontrakten varer i fire år, med opsjon på to pluss to år ekstra, og er ei av dei største straumavtalane Haugaland Kraft Energi har vunne.
— Dette er ein milepåle for oss. Å vinne fram i konkurranse med store nasjonale aktørar viser at vår kompetanse, pris og evne til å levere skreddarsydde løysingar for offentleg sektor held høg kvalitet. Me er stolte over tilliten me har fått, og ser fram til å levere stabile og kostnadseffektive energiløysingar som styrkjer kommunane sitt samfunnsoppdrag, seier Jon Andreas Tveit, konstituert direktør i Haugaland Kraft Energ, i pressmeldinga.
Viktig steg
Anbodet blei vurdert etter fleire tildelingskriterium, mellom anna kvalitet, fagkompetanse om kraftmarknaden og pris. I tildelingsbrevet er det særleg Haugaland Kraft Energi si kompetanse innan energirådgjeving som blir framheva.
— Haugaland Kraft Energi har levert eit solid tilbod og framstår som den best eigna leverandøren. Dette er første gong så mange kommunar i regionen har gått saman om ei felles straumavtale, og det gir både driftsfordelar og betre føreseielegheit, seier Ole Bernt Thorbjørnsen, kommunedirektør i Haugesund kommune.
Det var Haugesund kommune som på vegner av alle kommunane har gjennomført anskaffinga, med vekt på å sikre ein ryddig og transparent prosess.
I pressemeldinga står det at avtalen styrkjer Haugaland Kraft Energi si posisjon som ein regional aktør med nasjonal konkurransekraft. Selskapet har dei siste åra investert i digitale løysingar og energieffektive tenester som bidreg til betre ressursutnytting og auka kundeverdi.
— Med denne avtalen tek Haugaland Kraft Energi eit viktig steg vidare som ein strategisk samarbeidspartnar for kommunane – med mål om å levere trygg, effektiv og framtidsretta energiforsyning til heile regionen, avsluttar selskapet.