Etne er blant kommunane som krev skatt av dei som har eigedom i kommunen.
ARKIVFOTO: ESPEN MILLS
Etne hadde lågast arbeidsløyse
Positive tal for sysselsettinga i Etne og Vindafjord i juli.
I ei pressemelding frå NAV Sunnhordland kjem det fram at Etne og Kvinnherad hadde den lågaste arbeidsløysa (1,4 prosent) i Hordaland fylke i juli i år. I Hordaland var arbeidsløysa 2,4 prosent, det same var arbeidsløysa i Norge totalt sett.
— Flotte sommartal
Arbeidsløysa i Sunnhordlandsregionen i juli var 1,8 prosent. 554 personar er heilt arbeidsledige, noko som er 177 færre enn i fjor same tid. Dette utgjer ein prosentvis nedgang på 24 prosent.