Troll A-plattforma. Her kjem arbeidarane til å få servert meir norsk kjøt i framtida.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Equinor doblar delen norsk kjøt på sokkelen neste år
Fagforbundet Safe har kjempa for å auka delen norsk kjøt som arbeidarane på plattformene til Equinor får servert. No har dei vunne fram.
– Ein stor del av kylling og svinekjøt som i dag blir importert står att. Me forventar at Equinor no går i dialog med leverandørane sine og inngår langsiktige avtalar, som igjen vil gje dei norske produsentane føreseielegheit i produksjon av svinekjøt og kylling, seier Trond Cato Fylling i Safe til Stavanger Aftenblad.
Fagforbundet Safe har jobba for saka i lengre tid. Fylling har i lag med kollega Roger Fimland Maurstad jobba som kokk offshore. Nestleiar Idar Martin Herland i Safe Equinor norsk sokkel meiner at auka bruk av norske produkt er både meir berekraftig og bidreg til å oppretthalda sysselsettinga i landet.
– I tillegg styrkar me det norske kulturlandskapet og sikrar beredskapen for landet ved å oppretthalda eller auka sjølvforsyningsgrada, samtidig som det er eit klart krav i petroleumslova, seier Herland.
Ifølgje pressetalsmann Gisle Ledel Johannessen i Equinor har selskapet brukt utanlandske råvarer på grunn av manglande tilgang på varer på den norske marknaden.
– Me serverer rundt åtte millionar måltid offshore kvart år og rundt 4000 menneske får fleire måltid kvar dag. Då må me greia å ha tilgjengelege mengder til riktig tid. Maten skal òg fraktast ut med båt og lagrast offshore. Her er det store logistikkoperasjonar i sving, og dessutan er det ulik lagringskapasitet på installasjonane. I denne samanhengen blir forsyningssikkerheit viktig for oss, seier han til avisa.
Vidare understrekar han at selskapet berre kjøper norske bakeri-, fiske- og meierivarer med nokre få unntak i spesielle tilfelle.
– For 2024 vil mellom anna alt terna bacon me serverer vera norsk. I tillegg vil svinesteik og ein del av kjøtdeigen vera av norsk svin. Elles vil me servera kjøtdeig av norsk storfe.