Familiane har vakse godt i ventetida på gang- og sykkelsti. Synnøve Eikeland Steinsland (t.v) og Ingvild Bjørnevik med borna Tuva (8), Ella (4), Thea (10 mnd.), og søskena Liva (4), Aslak (2) og Mildrid (8 mnd.) ved E134 i Ølensvåg.
Foto: Arne Frøkedal
Endeleg trygg veg i sikte
I over 40 år har vågsbuen venta på gang- og sykkelsti langs den sterkt trafikkerte E134 mellom Ølensvåg og Ølen. Synnøve Eikeland Steinsland og naboen Ingvild Bjørnevik, har nesten følt seg som fangar der dei bur i Gjerdevik med sine små.
— Alt er så tungvindt. Kvar gong borna skal ut på eit eller anna, må me køyra dei. Og den korte vegen til skulen, er i drosje. Den må koma opp i tunet fordi det er livsfarleg å senda ungane ned til vegen der bilane suser forbi i 80 km/t, seier Eikeland Steinsland.
Rabalder