Tettare på
Elskar livet bak buss-rattet
Det er ein nydeleg solskinsdag, snøen ligg som eit fint kvitt dekke og Steinar Frønsdal sit blid og fornøgd i bussen. Steinar er bussjåfør tilsett i Tide, stasjonert i Etne.
Klokka er 13, og andre del av skiftet hans denne fredagen har akkurat starta. No skal han til Ølen for å henta skuleelevar ved Ølen vidaregåande skule.
Han svingar bussen ut på Europavegen og set kursen mot Ølen. På veg ned Fikse møter han ein trailer, reduserer farten, og dei smyg seg forbi kvarandre. Det er tydeleg at dette ikkje er første turen over Fikse for Steinar. Praten går medan han har blikket festa godt på vegen. Frøsndal seier sjølv at han er ikkje akkurat kjent for å prata lite, og det er nok sant det. Han kjem lett i prat med folk, og det er lett å kjenne seg møtt i hans nærvær. Gode eigenskapar som bussjåfør.