Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Else Grindheim er aktiv i Etne Frivilligsentral. Foto: Ragnhild Kristine Løkken.
Else Grindheim er aktiv i Etne Frivilligsentral.

Grannarblomen

Else (74) fekk Grannarblomen

Publisert Sist oppdatert
I anledning Grannarblomen kjem det inn tips frå lesarane om kven dei ynskjer å gleda med ein blome. Dette på bakgrunn av frivillig innsats i bygda si, eller andre delar av lokalsamfunnet. Ei det har blitt tipsa om fleire gonger, er denne vekas mottakar, Else Grindheim.

– Ho er ei som tenkjer først på andre og sist på seg sjølv, fortel ein av tipsarane.

Else budde dei første åra sine i Sauda, og flytta til Etne med familien då ho var ti år gammal. Ho har vore med i Frivilligsentralen dei siste åra, og bidratt med matlaging, i tillegg til at ho er med på andre aktivitetar som blir arrangert.

– Det er mange flinke som er med der, så eg gjer det jo ikkje aleine, fortel ho til Grannar, og trekker fram leiaren av sentralen, Solveig Kvamme.

Mange tilbod

Etne Frivilligsentral har eksistert sidan 2006, og arrangerer mange ulike aktivitetar og tilbod. Kvar tysdag og torsdag er det mat, i tillegg til diverse aktivitetar som bingo eller sitjedans.

– Det er alltid mykje folk der, og det verkar som folk synest det er kjekt, fortel Else, og legg til:

– I juli har det vore sommarferie, og då trur eg fleire sakna det tilbodet på tysdagar og torsdagar.

Andre arrangement som sentralen har gjennomført er for eksempel sommertur til Tyssedal og dagstur til Leiteshaugen.

Jobba lenge i omsorgstenesta

Før pensjonsalder jobba Else over 40 år i omsorgstenesta i Etne. Ho byrja då det gamle omsorgssenteret var nytt i 1978, og fekk også med seg opninga av det nye senteret i 2018. I tida si i tenesta var ho innom litt forskjellige arbeidsoppgåver.

– Eg gjorde litt ulike ting, som pleie og vasking. Men etter kvart tok eg fagbrev som kokk på Stord, og fekk då jobb på kjøkkenet, fortel ho.

Sidan har ho brukt mykje tid på matlaging både på kjøkkenet på omsorgssenteret og hos Frivilligsentralen. Noko sjølvskrytar er ikkje Else, og ho ynskjer helst minst mogleg fokus. Men ifølgje tipsar er dette ei dame som sanneleg fortener ein blome:

– Er det nokon som verkeleg gjer noko for andre, så er det Else, seier tipsaren.

Powered by Labrador CMS