Ella er blant dei beste
Ella Skipevåg Tveit (17) frå Vikedal har nådd langt som volleyballspelar. I slutten på veka reiser ho til Finland for å delta i Nord-Europeisk meisterskap med juniorlandslaget.
På slutten av veka brakar det laus i Finland, der unge volleyballspelarar på høgt nivå skal delta i Nord-Europeisk meisterskap. Og éi av spelarane på det norske juniorlandslaget er 17 år gamle Ella Skipevåg Tveit. Så lenge ho kan hugsa har ho vore interessert i volleyball, og truleg er ho litt arveleg belasta også. Mora, Anne Berit Skipevåg Tveit er habil volleyballspelar, og Ella var ikkje mange år før ho fekk vera med mora på trening i gymsalen på Vikedal skule.
— Eg kan hugsa eg var med i gymsalen, og så blei det enda kjekkare då me fekk den nye idrettshallen. I åttande klasse bestemte eg meg for å prøva å satsa skikkeleg, og då eg fann ut at dei hadde ToppVolley på Sand blei eg kjempeglad. Då bestemte eg meg for å gå der, seier 17-åringen.
Fysioterapeut