Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Å sitja i sofaen og sjå på film i lag med døtrene Lilly (t.v.) og Carmen, er noko Kenneth Karlsen set stor pris på.
Å sitja i sofaen og sjå på film i lag med døtrene Lilly (t.v.) og Carmen, er noko Kenneth Karlsen set stor pris på.

Tettare på

Ein kontrollfreak som ikkje kan syngja

Publisert Sist oppdatert

Å sitja krølla opp i sofaen i lag med pappa for å sjå film, er noko både Kenneth Karlsen og døtrene Lilly (13) og Carmen (11) likar godt. Dei to døtrene er nettopp ferdige på skulen for dagen, og før dei skal henta veslesøster Luna (4) i barnehagen, er det tid for litt åleinetid med pappa. Denne gong var det Istid som stod øvst på ønskelista, og kva er vel betre enn ein god reprise? Dei har sett filmen før, og dei ler gjerne av poenga lenge før det skjer.

Pappa Kenneth er i følgje døtrene ein fin fyr. Ikkje berre trur han at han er morosam, han er faktisk morosam også, kan døtrene fortelja. Og så kjem superlativa haglande. Han er veldig flink til å laga mat, og eksepsjonelt flink til å laga pannekaker. Han lagar dei flottaste prinsessekakene, og han syr til og med gardiner med symaskin. Kenneth Karlsen er med andre ord ein pappa dei er veldig stolte av.

Stort sett, i alle fall.

Powered by Labrador CMS