Annette Bjørgen Svendsen er nyutdanna barnehagelærar, og brenn for fleire fang som dei små kan sitja på.
Foto: Privat
10 Kjappe
Ein ekte bygdepatriot
Annette Bjørgen Svendsen er ny leiar i Skjold bygdelag og jobben med å laga til eit triveleg miljø i heimbygda er motivator nummer éin.
38-åringen har vore leiar i bygdelaget sidan mai, og likar godt å engasjera seg i nærmiljøet sitt. Å gjera Skjold til ei triveleg og attraktiv bygd å bu i, å stryka både idrettslivet, friluftslivet og kulturlivet i bygda, er viktig for eit bygdelag. Bjørgen Svendsen jobbar for å vera pådrivar for utviklinga, lytta til innspel frå innbyggjarane og bidra til å styrka næringslivet er leiaren sitt viktigaste fokus. Nyleg fekk dei også eit stort og flott informasjonsskilt i Isvik, og det gler styreleiaren.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er effektiv og får ting gjort.