— Eg har vore på ein liten rundtur i Ålfjorden og kan stadfesta at stillehavsøsters dessverre har etablert seg i rikt monn, seier Jon Magne Svendsbøe frå Vikebygd.
Dei største koloniane har han funne i Svendsbøvågen der han sjølv bur. Her er det snakk om store mengder som har fått etablert seg over tid.
— Dei har vore her i rundt fem år og her er det sikkert hundrevis. Dei har vakse seg store. Eg har prøvd å ta dei vekk, men nå har eg gitt opp. Det er trist at dei spreier seg, seier han.